Gjær er ein svært viktig ingrediens i øl, og i gamle dagar kalla dei ølgjær for KVEIK. Den urnorske kveiken lagar unike og fruktige øl, og har gjennom tidene gått i arv mellom familie og naboar. Kveik-ringen som prydar etiketten, dyppa dei i vørteret, og lagra han på ein turr og lun stad til neste bryggjing.
Med åra slutta mange å bryggje på gardane, men til alt hell er det nokre som har halde det gåande heilt til våre dagar – upåverka av moderne bryggjing. I serien «For the Love of Kveik» handlar det om å ære kveiken og garden han kjem frå. I dette ølet er det kveiken til Sigmund Gjernes på Voss. Me brukar einer og mykje malt, men berre ei avgrensa mengde humle. Vørteret blir kokt lenge, før me tilfører kveiken på over 40°C. Det gjer at esterane av sitrus skin gjennom på både aroma og smak – avrunda av den fyldige munnkjensle Vossaøl gjev.
Stil:Norsk tradisjonsøl (Vossaøl / Haimabrygg)
Ingrediensar:
Vatn frå
Osekilden,
byggmalt, humle, einer og kveik (gjær)
I sal hjå:Vinmonopolet, samt utvalde hotell, restaurantar og barar.