Menneskene bak Bygland Bryggeri
  • Torkjel Austad
    Gründer/Dagleg leiar
    Torkjel er grunnleggaren og primus motor i Bygland Bryggeri. Han arbeidde i 18 år med kvalitetssikring av programvare i selskap som Opera, TIDAL og Kahoot før interessa for brygging tok overhand. I bryggeriet gjer han alt frå brygging, design og foredrag - til rekneskap og dei andre administrative oppgåvene. Torkjel har stor lidenskap for norske bryggetradisjonar og japansk sake. Målet hans er at heile verda skal få kjennskap til det ekte norske tradisjonsølet gjennom Bygland Bryggeri.
  • Oleh Panasenko
    Bryggjar
    Oleh er frå Ukraina og byrja hos oss i språkpraksis i 2023. Med ein allsidig bakgrunn viste det seg raskt at han hadde ei eiga evne til å finne smarte løysingar på dei utfordringane som kan dukke opp i ein liten bryggerikvardag. Det resulterte i fast tilsetjing, og i dag er han både bryggje- og tappeansvarleg. På fritida set Oleh pris på å utforske den vakre naturen i Bygland..
  • Kasper Andersen
    Produktutviklar
    Kasper er vår importerte, glade danske som står for mange av oppskriftene. Han er utdanna kjøleteknikar, men på fritida er ølbrygging den store lidenskapen. Torkjel og Kasper blei kjent gjennom ei felles interesse for kveik - og etter å ha vunne fleire meisterskap i heimebrygging, spurde Torkjel om ikkje Kasper likegodt skulle bli medeigar i Bygland Bryggeri. Samarbeidet dei imellom har vore nøkkelen til mykje av bryggeriet sin sukksess.
  • Andres Helle
    Logistikk-ingeniør og altmulegmann
    Alle i Setesdal veit kven Andres er, og det er ofte han som leverer på strekninga Kristiansand til Hovden. Andres er eigentleg pensjonert lærar, men no sjølvutnemnt lager-ingeniør og altmulegmann. Lærarstemma kjem overraskande godt med når ein skal drive med sal i denne bransjen.
  • Alvar Wattne
    Rådgjevar
    Tidlegare bryggerimeister Alvar er no hovudsakleg rådgjevar, men stiller opp når det trengst eit par ekstra hender. Det er umogleg å ikkje bli smitta av energien og det gode humøret hans – noko alle som har møtt han på festival kan skrive under på. I tillegg til brygging har han stor interesse for språk og japansk kampsport.