Sveikadden er eit ljost, norsk tradisjonsøl med karamellisert maltsøtleik, og fruktige tonar av appelsin og sitrus frå kveiken til Sigmund Gjernes på Voss. Ølet er smaka til med einerlog som gjev ølet hint av skog. Prøv gjerne til norsk tradisjonsmat.
«Sveikadd» er eit gamalt ord frå Setesdal som betyr peppersvenn.
Stil:Norsk gardsøl / tradisjonsøl
Ingrediensar:
Vatn frå
Osekilden,
byggmalt, havre, humle, einer, kveik (gjær)
I sal hjå:Meny, Spar, Joker og Coop-butikkar i Agder, Rogaland og Telemark, samt utvalde ølutsal i heile Noreg.