Skjoldmøyslaget er eit koparbrunt sterkt indiaøl med frisk aroma av humle, urter og sitrus. Maltblandinga av pale og karamellmalt er viktig for å balansera humla. Det gjer at smaken har antydning til karamell og honning, med ein lang, bitter ettersmak. Ebbegarden-kveiken gjev fruktige undertoner. Ølet står godt på eigne bein, men passar også bra til lam, okse, feit fisk og moden ost.
Skjoldmøyane heldt til på Vestheiane i Setesdal. Ved Reiårsfossen med utsyn mot Austad kyrkje, sat dei tidt og spela på horn. Under ei messe høyrde ålmugen det vene spelet deira. Folk strøymde då ut, og presten fór etter dei. Frå kyrkjegarden lyste han Skjoldmøyane i bann, og dei vart til stein. Det er mange som kan slåtten deira enno; han heiter «Skjoldmøyslaget» — og i 2019 kom slåttespel, stev og gangardans frå Setesdal inn på UNESCOs liste over immateriell kulturarv. Stil:Dobbel IPA
Ingrediensar:
Vatn frå
Osekilden,
byggmalt, havre, humle og kveik (gjær)
I sal hjå:Vinmonopolet, samt utvalde hotell, restaurantar og barar.