«Langgofa» er setesdalsk for tipp-oldefar. Øl var i gamle dagar ei Guds gåve, difor signa dei ølskålene. Kornet bløytte dei i bekken to-tre dagar. Når det hadde rynt, laut det turkast med ved som gav ølet ein kompleks smak av røyk. For å få til dette har me me nytta ekte Stjørdalsmalt – som får fram ein unik urnorsk røyksmak av bål og karamell. I tradisjonelt råøl vart ikkje vørteret kokt, noko som gjev ei fyldig munnkjensle. Ølet er smaka til med einerlog og gjæra med kveik.
Stil:Smoked Raw Ale (Røykøl / Stjørdalsøl)
Ingrediensar:
Vatn frå
Osekilden,
byggmalt, humle, einer og kveik (gjær)
I sal hjå:Vinmonopolet, samt utvalde hotell, restaurantar og barar.