JOLEBASSEN

«Jolebassen» er eit joleøl med aroma av røsta malt, nøtter og sjokolade. Smaksbiletet har ein djup maltkarakter med tonar av kjeks, karamell og tørka frukt. Ølet serverast for seg sjølv i eit passande glas, eller til jolematen. God Jol!

«Jólebassi» er setesdalsk for jolebukk. I rektig gamle dagar var jolebukk ein geitebukk, slakta til jol. Sidan vart ordet bruka om dei som i jola traska gardimellom med bukkemaske, plent ukjennelege. Noko av poenget var å gisse kven «jólebassan» var. Dei vaksne fekk øl eller ein dram der dei kom innom.

Stil:
Midtvegs mellom Brown Ale og Sweet Stout

Ingrediensar:
Vatn frå Osekilden, byggmalt, havre, laktose, humle og kveik (gjær)

I sal hjå:
Meny, Spar, Joker og Coop-butikkar i Agder, Rogaland og Telemark, samt utvalde ølutsal i heile Noreg.
Produktnavn: Jolebassen Joleøl
Format: 0,33L flaske
GTIN:  7090051040394
ERP:  6356976

20L og 30L KeyKeg også tilgjengeleg

Bruk av alkohol kan gje ulike skadeverknader. Nærare informasjon finn du her.