SMAKEN AV DJUPE DALAR
Før hadde kvar gard sitt eige øl. Slik er det ikkje lenger, men framleis finst det dei som held kunsten i hevd. Høge fjell og djupe dalar vernar både folket og skikkane deira. Ein stad der dei gamle tradisjonane for ølbrygging framleis finst og lever vidare, er Setesdal. I Bygland Bryggeri er vi stolte forvaltarar av denne kunnskapen. Gjennom våre produkt bringar vi smaken av ekte norske bryggetradisjonar ut i verda og inn i framtida. Vi kallar det innovasjon med tradisjon.